Bli medlem og pris oversikt
Alle som er medlemmar i idrettslaget, er automatisk medlemmar i Norges Idrettsforbund.Når du melder deg inn i idrettslaget, vil du etter nokre dagar få ein aktiveringslenkje for å godkjenne personopplysningar i databasen til Norges Idrettsforbund. Dette kostar ingenting. Alle særforbunda som er tilknytte Eikelandsfjorden IL har automatisk medlemskap i Norges Idrettsforbund.
Spørsmål om medlemskap kan rettast til:[email protected]
Dersom du har trong økonomi og ser at det er vanskeleg å betale fakturaen, kan du ta kontakt med lagleiar/trenar, eller dagleg leiar Vigdis Øvreeide ([email protected]) med nokre få linjer.Dagleg leiar kan slette eller korrigere fakturaen slik at barnet/ungdommen kan halde fram med idretten. Dette er personlege opplysningar som berre dagleg leiar og styreleiar har tilgang til. Ein kan og kontakte NAV.
Hugs på, er du alt medlem i EIL, så treng du ikkje melde deg inn på nytt for å bytte aktivitet eller starte i t.d. aktivitet 2. Då kan du berre sende ein e-post til [email protected] og beskrive kva aktivitet som skal leggast til eller takast bort, samt namn på den det gjeld.
Til innmeldingsskjema: Til skjema
Medlemsavgift (200/300 maks kr 500 for familie) kjem i tillegg til treningsavgifta sjå utfyllande informasjon ved å klikke på lenkja under.For å få familiemedlemskap må alle i familien liggje inne med same betalingskontakt, ta kontakt ved spørsmål
Trenere/styremedlem/andre verv kr. 100,-
Støttemedlem: kr. 300,-
Betaling av medlemskontingent er ein forutsetning for å være stemmeberettiga på årsmøte, samt bli valt inn i styret i ein idrettsklubb.
Medlemsavgifta er til å dekke de administrative utgiftene idrettslaget har etter lovnormen til Norges Idrettsforbund.
Treningsavgift for fotball årleg, handball (årleg) og turn, sjakk, knøttefotball (per halvår):
3.-5 år: 300 kr i året // 6. –9 år: 500 kr i året // 10. –12. år: 700 kr i året // 13. – 18 år: 1000 kr i året // Vaksen (19 år og eldre): 1500 kr i året // A-lag: 1700 kr i året // Old Boys: 500 kr i året
Utover handball, fotball, Ballsidighet (5.-6. år) og turn kan vi tilby:
Sjakk: Delta på aktivitet ved innmelding og betalt medlemsavgift, treningsavgifta er 250 kr halvårlegKlatring: Delta på aktivitet ved innmelding og betalt medlemsavgift, Vippsbetaling kr. 35 ved oppmøte, maks kr 100 for familie
Tabata: Delta på aktivitet ved innmelding og betalt medlemsavgift. Vil du ikkje vere medlem og fortsette å trene Tabata, vippsar du 30 kr ved oppmøte
Sauna: Ved innmelding og betalt medlemsavgift for rabatterte prisar
E-sport: Ingen tilbod per no, medlemsavgift
Har man det trangt økonomisk og ser det er vanskeleg å betale faktura kan man enten kontakte lagleder/trener, eller dagleg leder Vigdis Øvreeide, [email protected], med nokon få linjer. Dagleg leder sletter/korrigerer faktura slik at barnet/ungdommen kan forsette idretten. Dette er personleg informasjon som kun dagleg leder og styrsledar har tilgang til.
Ved spørsmål ta kontakt med Vigdis Øvreeide; [email protected].