Dugnad i EIL
Badevaktdugnad i Fusa symjehall, vår/haust, gjeld for fotballgruppa, midlane går direkte til fotballgruppa.
Vårdugnad idrettsannlegg/kunstgras: fotballgruppa, informasjon kjem vinter/tidleg vår i spond gruppene
Storbasar samfunnshus: fotballgruppa/styre
Bambusa-dugnad: Dugnaden gjeld alle som er med i fotball, handball, turn og sjakk. Inntektene går til idrettsgruppene.
Barna/ungdommane/A-laget, blir automatisk lagt til i alle idrettsgruppene dei er registrerte i på Spond. 👉 Difor må kvar familie sjølv fordele salet, slik at alle idrettane de er med i får sitt bidrag.
Enkelt sagt:
- Har de fleire barn i ulike idrettar, kan eitt barn selje for fotball og eit anna for handball.
- Er barnet med i fleire idrettar, kan de velje den idretten barnet deltek mest i – eller fordele salet mellom idrettane.
Mengde sal pr. familie:
- Familiar med eitt barn sel minst 5 pakkar.
- Familiar med fleire enn to barn sel minst 10 pakkar.
Vi veit dette er ein jobb som krev innsats – men vi blir veldig glade for alt de klarar! Vi blir nøgd så lenge alle gjer ein god innsats for å selje produkta. Har ein prøvd, men ikkje fått til sal, så er det heilt greitt. Ein skal ikkje måtte kjøpe alle produkta sjølv for å klare dugnaden.
Det er mobilnummeret til den (eller dei personane) som står oppført i Spond, som blir knytt til dugnaden, og det er berre denne eller desse personane som får lenkja. (Skjema med namn og mobilnummer har lagleiaren fått – ta kontakt med lagleiaren dersom du lurar.) Ein kan ikkje starte eller gjere noko før lenkja kjem til dette mobilnummeret i veke 45. Når lenkja kjem, følgjer ein informasjonen vidare! Når ein er inne i appen, kan ein leggje til fleire personar som kan administrere salet. Meir informasjon kjem i appen.
Andre dugnader som f. eks vakter, frivillig, midlane som kjem inn går direkte til laget som stiller med vakter.
Ynskjer du ikkje gjere dugnad, så kan ein kjøpe seg fri med 500/1000 kr. Vipps til: 120037, kategori: dugnad hausten 2025