Historie
Eikelandsfjorden IL vart stifta i 1951. Idrettslaget har gjennom alle år vert tufta på dugnad. Idrettslaget har stort sett drive idrett for fotball, handball og idrettsskule. Det har gjennom desse åra fram til i dag vore varierande medlemsmasse, og etter at kunstgrasbanen blei realisert i 2015, auka aktiviteten betydelig for fotball. Samarbeidet med alle lag på denne sida av kommunen er godt, det enkelte idrettslag har aktivitet for fotball fram til ungdomskulealder i sin respektive klubb. Når de begynner på ungdomsskulen er det i Eikelandsfjorden IL som gir tilbud til alle ungdommene, då det er for få aktive til 9 èr og 11 ár fotball i dei andre idrettslaga. Sidan kunstgrasbanen kom har vi fått mange ungdomsspelarar frå dei andre idrettslaga inn i EIL. Samling av ungdomsfotballen i ein klubb skapar eit godt miljø på tvers av bygdene.
Etter åpninga av fleirbrukshallen i 2019 har idrettslaget starta ny aktivitet med turn, og i tillegg starta opp igjen handball for dei yngre. Dette har medført at idrettslaget i dag favner om rundt 260 aktive medlemmer som har sine trenerer og laglederer. Totalt sett er det ca 307 medlemmer.