God Jul!
Forfatter: Vigdis Øvreeide
23. desember 2025
Tusen takk for endå eit år saman i Eikelandsfjorden IL. Per i dag er vi 448 aktive medlemmar i Eikelandsfjorden IL, så tusen takk til alle dykk & tusen takk til våre støttemedlemmar
Tusen takk for små og store augeblink vi alle har delt langs sidelinja, i hallen, på kurs, kamp, cup, turneringar, oppvisingar, i saunaen, på dugnad eller i andre sosiale samanhengar med lag og grupper m.m.Ei stor takk til alle dykk frivillige – våre eldsjeler – som står på time etter time kvar veke, med all planlegging og tilrettelegging, og som bidreg med langt meir enn vi kan ane. For alle smil og alt tolmodet de viser.Tusen takk òg til alle føresette som støttar opp og stiller opp når det trengst. Utan dette samspelet hadde vi ikkje hatt det tilbodet vi har i dag – dette fellesskapet som skaper tilhøyrsle og ein stad å høyra til for alle barn, ungdomar og vaksne i Eikelandsfjorden IL.Tusen takk til alle våre gode sponsorar, som på mange måtar er grunnmuren i idrettslaget vårt. Vi håpar de alle veit kor avgjerande det er for oss å ha dykk med på laget som sponsorar.Vi er utruleg stolte, takksame og audmjuke
På vegner av styret og meg sjølv vil eg takka for året som snart er omme, og ønskja dykk alle ei riktig god jul og eit fantastisk godt nytt år