Jubileumsdag 24. oktober
Forfatter: Vigdis Øvreeide
15. september 2026
Dessverre er JUBILEUMSFESTEN AVLYST!!
*AVLSYT * Gjeld Jubileumsfesten!Jubileumsfesten blir dessverre avlyst.
Vi hadde verkeleg gledd oss til å samle bygda, medlemmer, tidlegare medlemmer, støttespelarar og vener av Eikelandsfjorden idrettslag til jubileumsfest for å markere 75 år med idrettsglede, dugnadsånd og fellesskap.
Dessverre er det seld for få billettar til at vi kan gjennomføre festen som planlagt. Det synest vi er skikkeleg trist. Vi hadde håpa at fleire ville vere med og feire denne milepælen saman med oss.Vi er også veldig lei oss overfor dykk som har kjøpt billett, sponsorane våre og andre inviterte som hadde sett av kvelden.
Alle som har kjøpt billett vil sjølvsagt få pengane refundert.
Men jubileumsfeiringa er ikkje heilt over! FAMILIEDAGEN blir gjennomført som planlagt, 24. okt kl. 11-14, og vi håpar at mange tek turen og blir med på ein kjekk dag for heile familien. Eikelandsfjorden idrettslag har vore ein del av lokalmiljøet i 75 år.
Vi håpar at engasjementet rundt laget framleis vil vere der, og at endå fleire vil vere med når vi inviterer til arrangement og aktivitetar i framtida.
Takk til alle som støttar opp om laget vårt
Mvh for Eikelandsfjorden ILVigdis Øvreeide