Vi samla heile 310 elevar og lærarar
Forfatter: Vigdis Øvreeide
05. september 2025
I dag har vi i Eikelandsfjorden IL hatt gleda av å samle heile 310 elevar og lærarar frå 5.–7. trinn ved Strandvik, Vinnes, Fusa, Ådlandsfjorden og Eikelandsosen, og 8.–10. trinn frå Fusa ungdomsskule, til føredrag med Daniel Getaneh Hatland
Daniel formidla viktige tema som rasisme, utanforskap og tilhøyrsle, basert på eigne erfaringar,– og korleis utfordringar i livet kan påverke ein person og gje følelsen av å stå utanfor
Takk for den viktige jobben du gjer Daniel
Vi ønskjer at alle skal verta inkluderte, og at både elevar og idrettsutøvarar kan snakke til, om og med kvarandre på ein positiv måte. Vi i idrettslaget håper at barna og ungdommane tok med seg nokre refleksjonar frå dagen heim.Vi vil nytte høvet til å takke alle som har bidrege og gjort denne dagen mogleg. Det betyr mykje – for mange!
Tusen takk til Sparebanken Norge, Benjamin Norenes for midlar – dåke utgjer verkeleg ein forskjell
Tusen takk til dykk som har valfaget - Innsats for andre, for god hjelp med å rigge fram stolar – og ikkje minst til oppryddinga etterpå. Det betyr mykje!
Takk òg til Fredrik, Tor Erik, Karl Jacob, Tonje og Atle for innsatsen dykkar – og ikkje minst for lånet av samfunnshuset.